ATTRAKSJONAR
     
STEMMERDALEN
     
 

Stemmerdalen var eit av dei rikaste beiteområda på Vestlandet. Der var stor aktivitet med mange storfe og småfe kvar einaste sommar i mange hundre år. Det kunne vera 800 – 1000 kyr i Stemmerdalen, og på det meste var det også 90 hestar her.

I dag vert området nytta av bønder frå Aurland som har sauer på beite her. Kvart år vert vel 1000 sauar sleppt på sommarbeite frå Stemmerdalen. 

Steinbergdalshytta var den først DNT satt opp i Aurlandsdalen. Hytta vart sett opp i 1895.

 

     

AURDALEN  (Østerbø)

     
 

I Aurdalen var det heilårsbusetnad heilt fram til 1907, og gardane vart brukt til stølar heilt fram til 1960-åra.

I 1890 – åra fekk gardane tilskot frå DNT sik at dei kunne tilby husly og mat når det var fotturistar i dalen. Østerbø Turiststasjon er frå 1894.

Etter andre verdskrig vart begge hyttene (gardane) reine turisthytter. 

På Østerbø vart det reist ei gravstøtte i 1953 etter 27 menneske som hadde vorte gravlagt der frå 1858 til 1911.

Det vert markering av 50års dagen for denne gravstøtta den 17. august 2003.

     
NESBØ  /  NESBØGALDANE
     
 

Nesbøgaldane vart i 1882 beskrevet slik av Mons Klingenberg Gjerlæw ; ”…Den største Del af Nesføgalden begrenses paa tre Sider af Luften…”

 

I gamle dagar var det slått stokker inn i kløfter i det steile fjellet som det var festa stigetrinn på. I 1930 blei det sprengt ut ein brei sti slik at det er langt enklere å gå her i dag.

 

Rett etter passering av Nesbøgaldane ligg  garden Nesbø som var bebudd til langt ut på 1800 talet.

 
     
BJØNNSTIGEN / BJØNNASTIGVARDEN
     
 

Den gamle og historiske vegen går om Bjørnestigvarden, men du kan òg velja ei alternativ rute som ikkje er så bratt.

”Bjønnastigvarden” er kjent for mange ved det vidgjetne målarstykket til Johannes Flinto. Måleriet vart til etter at han vandra Aurlandsdalen i 1819.

Måleriet heng no i Nasjonalgalleriet.

 
     
VETLAHELVETE
     
  Er ei enorm jettegryte fylt med vatn. Her er mange segner vorte til. Døme på dette er at om ein kastar ein stein i ”Svartatjødnet” boblar det opp att i Vetlahelvete.

 

”Svartatjødnet” ligg der Bjønnastigen kjem ned til hovedstien, om lag 2-300 meter frå Vetlahelvete.

 

     
SINJARHEIM
     
 

Sinjarheim var den siste garden med fast busetnad i Aurlandsdalen. Garden vart fråflytt i 1922, men vart nytta som støl fram til 1964. Rundt garden er det gjel, juv og brusande fossar på alle kantar. Tunet ligg på ein stad som er tryg for ras. Det er ei hysklynge på 6 hus og ei lita turkestove for korn bak husa.
I 1987 heldt kårhuset på å falla ned avdi grunnmuren under nordre delen av huset hadde rasa ut, låven var nesten ein ruin utan tak, og fjøstaket, med gavl mot dalen, heldt på å ramle ned.
I 1988 vart det teke initiativ til dugnadsarbeid på Sinjarheim for å redde
bygningane i tunet. Med økonomisk støtte frå Aurland kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Oslo Energi og forsvaret, kunne 20 frivillige personar dette i gang arbeidet. Sidan den gongen har dugnadsinnsatsen vore årviss, og det verneverdige tunet på Sinjarheim er redda frå det tiltakande forfallet.
Det er og stølsdrift på Sinjarheim. 3 veker kvar sommar er elevar ved Sog Jord- og Hagebruksskule der for å læra stølsdrift på gamal vis. Med seg har dei 3 kyr og 60 – 70 geiter som kvar morgon og kveld vert mjølka for hand.
Av mjølka ystar dei brunost og kvitost.

     
ALMEN
     
 

Den nederste  garden i Aurlandsdalen – garden under steinen.

Den er plassert under ein diger stein. Den einaste plassen som var trygg for steinsprang og ras!