| INFORMASJON | ||
| Togtider Flåmsbana | Togtider Oslo - Bergen | Rutetider buss |
| Bagasje kan om ønskeleg transporterast mellom hyttene. | ||
| AURLANDSDALEN | ||
|
Den vidgjetne og sagnomsuste Aurlandsdalen strekkjer seg frå Vassbygdi (90 m.o.h.) og går i sydaustleg retning til Geiteryggen (1224 m.o.h.) på vasskilet mot Hallingdal. Dette sjeldne vakre og ville dalføre med tilhøyrande høgfjell har i uminnelege tider hatt stort verd. Så seint som i år 1850 var det til saman 10 gardsbruk og husmannsplassar i Aurlandsdalen – Almen, Sinjareim, Teigen, Bergkvam, Skorgarden, Nesbø, Vikaneset, Aurviki og to gardsbruk på Aurdalen (Østerbø). I høgfjellsområda omkring dalen er det verdifulle jaktfelt for villrein og småvilt, og i vassdraget er det godt aurefiske. Vegen gjennom Aurlandsdalen frå Hol til Aurland er ein av dei gamle ferdselsvegane mellom Austlandet og Vestlandet. Naturelskarar av alle slag har ned gjennom tidene skildra denne vegen og dalføre. TURBESKRIVING (For innfallsportar til Aurlandsdalen sjå lenger nede på sida) Startar ein turen ned gjennom Aurlandsdalen frå Geiteryggen er det berekna turtid 3 timar til Steinbergdalen, omlag 10 – 11 km. Gå stien opp frå anleggsvegen nord for hytta og i stigninga på vestsida av Sundhellerskarvet. Her er stiskilje for ruta til Kongshelleren og Iungsdalen. (sjå alternativ rute under). Ruta til Steinbergdalshytta held fram nordover og kryssar Rausdalen. Deretter ein ny stigning vest for Bolhovd til Breibakka. Under heile turen har du synet av høge fjelltoppar, snøbrear, blinkande fjellvatn og elva etter dalbotnen. Når du kjem til Driftaskard har ein flott utsikt over Stemmerdalen og Steinbergdalshytta.
Alternativ Geiteryggen – Kongshelleren – Stemmerdalen Geiteryggen – Kongshelleren er ca 11 – 12 km. Berekna turtid er 4 timar. Kongshelleren – Stemmerdalen er ca 8 – 9 km. Berekna turtid er 3 timar. Her fylgjer du den same løypa frå Geiteryggen til du kjem til punktet der stien deler seg. Her tek du til høgre mot Kongshelleren. Kongshelleren er ei ubetjent DNT-hytte der det er mogleg å overnatte. Hytta har 11 sengeplassar.
Neste etappe på turen heim Aurlandsdalen går frå Steinbergdalen til Østerbø. Berekna turtid er 4 timar, og turen er ca 9 – 10 km. Den gamle turistløypa er no lagt om slik at den fylgjer leia høgare oppe i fjellsida enn den gjorde før utbygginga. Ruta går opp i skråninga nord for hytta og vidare oppover fjellsida med fint utsyn utover Stemmerdalen. På denne turen vil du nyta den finaste utsikt over høgfjell og vidde. Ved inntaksdammen ved Grøna kjem stien inn på ei eldre rute. Vidare på bru over Grøna, og opp forbi Grønestøl der du har ei flott utsikt ned mot Østerbø, og hyttene der. Den vil gje vandringsmannen eit varig minne om eit sjeldan vakkert landskap.
Den siste etappen går frå Østerbø og ned til Vassbygdi. Berekna turtid er 6 – 7 timar og turen er ca 20 km. Fotturen er vide kjent. Gå forbi den gamle kyrkjegarden og på bru over Langedøla, forbi Viki til den tidlegare velkjente Nesbøgalden. Opphavleg skrøpelege loddrette og vassrette stigar, som vart festa til sprekkar i fjellet. Seinare sprengde dei ut ein brei sti i stupet langs Nesbøvatnet. Stien fører oss forbi Nesbø, som ligg vakkert til ved Nesbøvatnet. Vegskilje ved Tirtesva som var den opprinnelege ruta. Den øvre ruta er no restaurert, og gjev eit mektigare utsyn enn ruta langs elva. Til di hjelp er det sett opp rekkverk og trappetrinn i den bratte nedstigninga frå Bjønnastigvarden. Turen går vidare forbi Svartatjødn. Me anbefaler ein avstikkar til grotta ”Vetlahelvete” vest for stien. Ned til elva att og langs den til bru over Veiverdalselvi og opp til garden Sinjarheim, bebudd til 1921 og no restaurert. Undervegs passerar me den vesle garden Almen med huset som er bygd innunder ei stor fjellblokk. Vidare langs elva til Belle øvst i Vassbygdi. Når ein kjem ned til Vassbygdi er det bussamband aust / vest.
Alternative innfallsportar til Aurlandsdalen
Hit kjem ein med bil eller buss på riksveg 50 mellom Hallingdal og Aurland. Turen er ca. 17 km. Berekna turtid er 5 timar. Ein vert frakta i båt over Strandavatnet, dette tek om lag 15 min. Her går ein opp Ynglesdalen til ein kjem til Ynglesvatnet. Her treff ein på løypa som går frå Raggsteindalen til Geiteryggen og fylgjer den vidare. Forbi Skarvåtjørnan og ned eit dalføre. Der går ein over Kittilsbuflaten og inn på anleggsveg ca.1 km til Geiterygghytta. Hit kjem ein med tog frå Oslo eller Bergen. Turen er 17 km. Berekna turtid er 5 timar. Over jernbanelina ved stasjonen, vidare på vestsida av Jomfrunut og på bru over Finseåni der Klemsbu ligg (ei open hytte). Ein avstikkar til Sankt Pål kan anbefalast. Utsyn over Gausta, Hardangerjøkulen og deler av Jotunheimen. Ruta går vidare mot Bakkahelleren. I nedstigninga vil du passere ei dyregrav. Gå vidare på sørsida av vassdraget til Geiterygghytta. Her finn ein og dyregraver.
|
||